24. nov. 2009

Carpe diem

I dag var det ein elev mindre på Central enn det har vore tidlegare det skuleåret her.
Laurdag kveld var det ein gut, freshman-year (9 klasse), som tok livet sitt. Eg reknar med at det ikkje spelar noko rolle om eg namngjev han eller ikkje, for ingen kjenner han uansett.
Nyhenda kom til oss (Guro&Savanna&Allison&Kayli&Chet&Patrick&Evan&Kelly&Will) allereie laurdag kveld då vi var hos Kayli å spelte Super Mario på den fyrste Nintendto utgåva. Lillebroren til Kayli var veldig god ven med kjærasten til guten som tok livet sitt, og fikk, kl litt over 9, en telefon som bekrefta at det vi hadde høyrd tidlegare på kvelden var sant.

I dag i 2. time (kjemi) viste Mr.Bechtel oss eit bilete av denne stakkars guten, fordi han syns vi alle skulle vite kven han var. Då gjekk det opp for meg at eg hadde sett han kvar dag sidan skulestart. Før fyrste time stod han alltid utanfor engelsk klasserommet mitt, med tunga langt ned i halsen på kjærasten sin. Ja, det var ekkelt og kanskje på grensa til groteskt. Men når eg etterkvart fikk sjå andleta deira innimellom gjekk det sakte men sikkert opp for meg at dei var søte saman. Det var faktisk denne kjæresten som fann han, laurdag kveld. Kan du tenkje deg noko så forferdeleg?

Det er ca. 1400 elevar på Central. Eg vil sei at eit fleirtall upåverka av dødsfallet. Ei i kjemiklassen min sa faktisk; Yeah, he was in my spanish class. Og det var det. Ingen reakson. Det skremte meg nesten. Alt gjekk sm vanleg.

JA, eg har byrja å ta små steg mot målet; ein nynorsk blogg. Mest fordi eg trur det er lurt å halde nynorsken vedlike. Eg skal alltid klare å fiske fram litt bokmål i ny og ne.

Tenk at det er fredag i mårra! hei pus, love gurthi

3 kommentarer:

Mari sa...

Guro!
Leit og rart og spesielt.
Du er jaggu meg god du!

Sunniva sa...

Fyrste trur eg ikkje er eit ord? usikker. Og fikk? er det ikkje fekk? eg hugsar ikkje. Og morgon, istaden for mårra. Håpar du ikkje synest at eg er teit fordi eg rettar, når eg har 999999 skrivefeil på min blogg. Men eg tenker liksom ikkje over det om du skjønar.
Ilu!
(ps: eg synest det det var skikkelig trist... og 9.klasse? kvifor liksom? han var jo så ung)

Guro sa...

Eg trur fyrste er et ord, men eg er ikkje sikker... Og eg skal holde meg unna 'fikk' og 'mårra' fra no av. Prøve hvertfall. Takk! :))

(Jepp... Etter det eg har hørt pga stress)